Kva gjer du på ein dårleg dag?
Me har alle dårlege dagar, og det er lov å ha ein dårleg dag. Livet er ikkje alltid ein dans på roser. Det kjem an på korleis ein håndterer det.
Korleis kjem du deg opp igjen etter å ha falt? Korleis kan du unngå å bli verande der nede?
I dagens samfunn kan det vere lite rom for å faktisk ha ein dårleg dag. Det er go-go-go heile tida og masse maskulin energi.
Det er viktig å vere bevisst på kva ein treng når ein har ein dårleg dag, for å få det bedre. Kanskje det er å sei nei til festen du er invitert til? Eller kanskje det er å ta opp telefonen for å møte bestevenninna di eller berre slå av ein prat?
For meg personleg, så eeelskar eg å legge meg i badekaret. Varmt vatn med eteriske oljer. Kanskje nokon roseblad om eg har. Stearinlys og meditasjonsmusikk eller litt jazz. Kanskje eg skriv dagbok, kanskje eg les bok, eller kanskje eg mediterer og berre er tilstades. Uansett så føler eg meg mykje betre etter eit bad. Ein bad ute i naturen sler jo heller aldri feil, men må sei eg er litt pysete der. Det får bli på sommaren!
Noko anna som alltid hjelp for meg etter ein dårleg dag er å sjå på stjernene. Det er som at eg blir dregen rett ned i kroppen, og føler meg så jorda og tilstades. Det set også ting i perspektiv. Veldig.