Finn indre ro og balanse, få meir energi, og forløys blokkeringar ved hjelp av Healing & Coaching
TENESTER
Reiki Healing
På denne timen forløyser me blokkeringar, for å hente fram meir av styrken din. Du kan velje mellom fjernhealing eller i person.
Spirituell Coaching
Coaching er ein kraftfull reise mot personleg vekst - det handlar om å akseptere den du er, bestemme kor du ønskjer å vere, og planlegge korleis du skal komme dit.
Tilbake
meldingar
Fordelar
Meir energi
Ein blir ofte trøytt etter healing, men etter nokon dagar vil du merke ein markant auke i energi, slik at du kan møte dagens utfordringar med fornya kraft.
Ro og balanse
Mange opplev djup ro og ein indre balanse, som hjelper deg å navigere livet på ein lettare måte.
Sterkare intuisjon
Me jobbar med å styrke din intuisjon, slik at du kan føle deg meir trygg på dine valg og retningen i livet ditt.
Hei! Eg er Cecilie
Eg er 27 år, og kjem frå ei lita bygd som heiter Fresvik (med berre 200 innbyggarar). Etter å ha budd mange ulike plassar, inkludert ein lenger periode i USA, enda eg faktisk opp i lille Fresvik. No bur eg her saman med min sambuar og me har ein 2-åring saman. I Fresvik bur ein tett på naturen, noko eg elskar!
I nesten fire år har eg drive mitt eige markedsførings-firma, men min passion har alltid vore innan det spirituelle. Endeleg har eg teke min store lidenskap eit steg vidare, og tilbyr tenester som healing, reading og coaching. Eg brenn for at du skal finne din indre kraft, og at du skal tore å følgje din lidenskap.
FAQ
-
Reiki er ein form for energihealing som oppstod i Japan. Det er grunnlagt på prinsippet om at ein healer kan kanalisere universell livsenergi, anten gjennom direkte berøring eller på avstand. Reiki kan fremje helbreding og balanse både fysisk og emosjonelt. Under healing-session, som kan utførast personleg eller som fjernhealing, ligg du komfortabelt, medan eg jobbar med energifeltet ditt. Mange opplever ein følelse av velvære, reduksjon i stress og ein djup avslapping etter ein healing-session.
-
Under ein Reiki-session vil du vanlegvis ligge på ein behandlingsbenk, fullt påkledd. Eller heime komfortabelt i sofaen om du vel fjernhealing. Under fysisk møte tek eg ikkje på deg, men held hendene mine rett over kroppen din. Du kan kjenne varme, kulde, prikking, sjå fargar, eller ingenting i det heile tatt – kvar oppleving er unik. Mange rapporterer om ein følelse av djup ro og avslapping under og etter behandlingen.
-
Sanninga er at ALLE treng ansvarlegheit og oppmuntring! Endring er vanskeleg. Store mål krev stor innsats. Å gjere noko nytt eller skummelt er alltid betre (og meir sannsynleg å faktisk skje) med ein partnar eller ein rettleiar. Uansett kor inspirerte me er av draumane våre, blir det lettare med nokon som held deg ansvarleg. Kvar coaching pakke er skreddarsydd, fordi alle er ulike rett og slett, og treng ulike ting!
-
Eg trur at transformasjon kan skje raskt. Resultata av Reiki kan nokre gonger kjennast umiddelbart. Mange kjenner seg lettare både i kropp sjel etter healing. Andre gonger kan det ta fleire sessions før djupe endringar blir merkbare. Når det gjeld coaching, kan innsikter og forandringar oppstå gjennom heile prosessen. Varige endringar kan kreve tid og engasjement. Å setje realistiske mål og vere open for personleg utvikling og transformasjon, er nøkkelen til suksess.